mini|Hubble-bilete av Sommarfugltåka Sommarfugltåka kan òg visa til Insekttåka (NGC 6302). Sommarfugltåka«NAME TWIN JET NEBULA -- Planetary Nebula» - data om Sommarfugltåka hos SIMBAD-databasen. , Tvillingjettåka eller M2-9 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 2100 lysår unna jorda i stjernebiletet Slangeberaren.«Supersonic Exhaust from Nebula M2-9» - Hubble-pressemelding om Sommarfugltåka.

Sentralstjerna i Sommarfugltåka er del av eit nært stjernepar. Astronomar antek at den eine stjerna dreg gass av overflata til den andre stjerna og formar den til ei tynn og tjukk skiva som ligg rundt begge stjernene. Denne skiva måler rundt 10 gonger diameteren til Pluto sin bane rundt sola. Modellar viser at denne skiva kan vera opphavet til tåka si spesielle form, og at den sterke stjernevinden slår inn i skiva og tvingar gassen i ho i visse retningar. Lik namnet Tvillingjettåka hinter til, skyt gassen i tåka ut frå sentrum med ein stor fart; farten er på meir enn 320 km/s.

Kjelder

Kategori:Planetariske tåker Kategori:Slangeberaren