Biri Glassverk, Birid Glasværk eller Biri Glasfabrique var ei verksemd som framstilte glas, mest vindaugsglas og flasker i grønt glas, på Biri. Verket låg på garden Svene i det som i dag er Gjøvik kommune.
Verket vart oppretta av Det kongelige oktroajerede Norske Kompagni i 1761, men produksjonen kom ikkje i gang før om lag 1764. Verksemda vart endeleg lagt ned i 1880, det hadde også vore opphøyr i verksemda frå ca. 1843 til 1855. Det hadde vore fleire ulike eigarskap i driftstida, på slutten vart verket drive av same selskap som det som stod bak Hadeland Glassverk og Hurdal Glassverk.
1764-1809 Kauffeldt-perioden
I 1764 kom Bernt Kauffeldt frå Mecklenburg til Biri. Frå 1769 var han hyttemeister og han vart forvaltar ved verket i 1787. Etter kvart kom sonen Caspar Kauffeldt til å ta over den forretningsmessige sida av drifta medan faren Bernt konsentrerte seg om den daglege drifta. Etter at Bernt døydde i 1791 overtok kona Dorothea saman med sonen Caspar paktinga av verket. Frå 1794 var Caspar einepaktar fram til 1809.
Caspar Kauffeldt var ein dyktig drivar og i 1809 var Biri glassverk større enn Hadeland glassverk og på høgde med Hurdal glassverk.
I 1843 gjekk verket konkurs. Drifta vart tatt opp att i 1855.
Verket har òg vore kalla Birid Glasværk, Biri Glasfabrique og Biri Glasværk.
I 1769 vart det utskrive ekstraskatt for dei som arbeidde ved verket. Skattelistene eksisterer i dag og gir oversikt over kven som arbeidde ved verket og kor mykje dei fekk batalt.
Bakgrunnsstoff Side frå regnskapsprotokoll, Riksarkivet Om ulike yrkestittlar og tilhøyrande arbeidsoppgåver, Slektshistorielaget Norsk glasshåndverk på 1700-tallet Kavl Kavl og flasker
Referansar
Kategori:Norske glasverk Kategori:Norske fabrikkar Kategori:Næringsliv i Gjøvik Kategori:Skipingar i 1761 Kategori:Nedleggingar i 1880 Kategori:1761 i Noreg Kategori:1880 i Noreg