Herbert Chimhundu () er ein zimbabwisk morsmålslingvist og leksikograf, professor ved University of Zimbabwe i Harare.

Herbert Chimhundu tok doktorgraden i 1983 ved University of Zimbabwe i ein breitt anlagt lånordstudie som granska tilpassinga av engelske importord i shona, som er fleirtalsspråket i Zimbabwe. Frå 1991 til 2006 var han den zimbabwiske akademiske koordinatoren for ALLEX-prosjektet, som hadde som føremål å få fram ordbøker og andre språkverkty for dei afrikanske språka i Zimbabwe. Frå 2000 til 2008 var han direktør for African Languages Research Institute ved University of Zimbabwe. Frå februar 2008 har han vore Pro Vice Chancellor ved Great Zimbabwe University i Masvingo.

Utgjevingar (Utval) Adoption and adaptation in Shona (1983) Faksimileutgåve 2002 i Unipub skriftserier, Oslo. Duramazvi ReChiShona (1996 - hovudredaktør) College Press Publishers, Harare. Duramazvi Guru ReChiShona (2001 - hovudredaktør) College Press Publishers, Harare.

Kategori:Zimbabwarar Kategori:Zimbabwiske språkforskarar