mini|Det store arktiske statlege naturreservatet er ei av dei største villmarkene på jorda. Det store arktiske statlege naturreservatet (russisk Большой Арктический государственный природный заповедник; Bolsjoj Arktitsjeskij posudarstvennyj prirodnyj zapovednik) er eit naturreservat i Krasnojarsk kraj i Russland. Med eit areal på er reservatet det største i Russland og Eurasia, og eit av dei største i verda.

Det vart grunnlagd 11. mai 1993 av Resolusjon nr. 431 frå dei russiske styresmaktene. Naturreservat i Russland vert kalla zapovednik.

Øyane i Karahavet som høyrer til Det store arktiske statlege naturreservatet har ei overflate på . Av øyane her finn ein Kirovøyane, Voroninaøya, Izvestij TSIK-øyane, Arktitsjeskij Institut-øyane, Sverdrupøya, Ujedinenijaøya og fleire andre mindre øyar. Denne delen representerer om lag heile det naturlege og biologiske mangfaldet på øyane i den austlege delen av Karahavet i Nordishavet.

Mange dyr og planter held til i naturreservatet utan å verte forstyrra av menneske. Av dyr i reservatet finn ein isbjørn, fjellrev, snøugle, reinsdyr og kvitkval.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Great Arctic State Nature Reserve» frå , den 3. august 2008. oppgav desse kjeldene: Naturreservat Bilete på bigartic.ru unep-wcmc.org

Bakgrunnsstoff Wild Russia: &

Kategori:Naturreservat i Russland Kategori:Krasnojarsk kraj