Sphaerocarpos cristatus er ein thalloid levermose som finst berre i California. Som hjå andre artar i slekta er thallus hjå S. cristatus dekt av kuleaktige utvekstar, som i røynda er kanten av thalluset. Sporane sit i eit firkløver, men til skilnad frå alle andre artar i slekta skil dei seg tidleg i utviklinga.

Arten veks på flat jord på open mark, og finst berre i eit område i det nordlege California. Arten er utryddingstrua.

Kjelder

Haynes, C. C. (1910). Bulletin of the Torrey Botanical Club 37(5), 215-30. NatureServe Comprehesive Species Index Vitja 28. juli 2008

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mosar