Kaiwaka er ein busetnad i regionen Northland på New Zealand. Elva Kaiwaka renn frå aust gjennom området og går saman med Wairau og dannar Otamatea-elva som renn ut i Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 1 går gjennom Kaiwaka. Wellsford ligg 20 km mot sør, og Brynderwyn åtte km mot nord. Mangawhai Heads ligg 18 km mot nordaust.
Folketalet var 537 ved folketeljinga i 2006, ein oppgang på tre frå 2001.
Historie I februar 1825, under Muskettkrigane, fann det stad eit større slag mellom iwiane Ngā Puhi og Ngāti Whātua ved Te Ika-a-ranga-nui nær Kaiwaka. Meir enn 170 døydde her.
Seint i 1850-åra hadde Kaiwaka vorte eit haldels- og forretningssenter. Då det gjekk attende med kauritømmeret og kauri-gumverksemdene mot slutten av hundreåret, hadde jordbruk og mjølkeproduksjon kome i gang. Meieriverksemda The Hakaru Dairy Company vart skipa i 1902.Ryburn, s. 65
Ferdsel Frå 1880-åra gjekk dampskip i regelmessige ruter til Kaiwaka frå Otamatea. «Minnie Casey» gjekk i rute kvar tysdag frå 1882. Båtrutene vart oppretthaldne godt inn i det 20. hundreåret.Ryburn, s. 75, 79, 80-81, 176
Great North Road frå Auckland til Whangarei gjekk gjennom Kaiwaka, men var storparten av 1800-talet berre ein strek på kartet. Utbetringar på vegen kom i gang frå 1895, og kring 1900 hadde dei verste strekningane på vegen mellom Kaiwaka og Whangarei fått fast dekke.Ryburn, s. 16, 91 I 1911 hadde Kaiwaka ein populasjon på 211.Ryburn, s. 162
Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Kaiwaka i mars 1913, men problem med terrenget og følgjene av den første verdskrigen gjorde at ho ikkje vart forlenga særleg vidare nordover før først på 1920-talet.Ryburn, s. 184-185
Jord- og oppmålingsstyresmaktene tok over store område av uproduktiv jord her og rydda denne på 1940-talet. Tidleg på 1950-talet vart områda overletne til soldatar som var vende heim frå krigen.Ryburn, s. 168
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kaiwaka» frå , den 25. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Northland