mini|Kart som viser plasseringa til Gydabukta.
Gydabukta er ei bukt på kysten av Sibir i Russland i Karahavet. Ho ligg på Gydanhalvøya og er om lag 185 km lang og 47 km på det breiaste.
Den djupe bukta ligg mellom estuara til elvane Ob (Obbukta) og Jenisej, som er nokre av dei viktigaste elvane i Russland.
Gydabukta er omgjeven av tundra og fleire elvar munnar ut i ho. Langt inne i bukta ligg busetnadane Tsjornyj Mys og Gyda. Ved munningen ligg Matjujsale og Mongataljang.
Bukta ligg i den administrative regionen Jamalo-Nenetsk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gydan Bay» frå , den 12. juli 2008. oppgav desse kjeldene: http://www.adm.yanao.ru/140/
Kategori:Bukter i Russland Kategori:Bukter i Nordishavet Kategori:Jamalo-Nenetsk Kategori:Karahavet