mini|Dobrudsja - i Bulgaria gult, i Romania - oransje

Dobrudsja (rumensk Dobrogea, bulgarsk Добруджа, tysk Dobrudscha) er ein historisk og geografisk region søraust i Romania og nordaust i Bulgaria mellom Donau og Svartehavet.

Området er ei fruktbar løss-slette. Folkesetnaden er svært blanda med rumenarar, bulgararar, tyrkarar, krimtatarar, sigøynarar og grekarar. Før den andre verdskrigen levde det òg mange jødar og tyskarar her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dobrudsja» frå , den 7. juli 2008.

Kategori:Historiske regionar i Romania Kategori:Bulgarsk geografi