Prahova er ei elv sør i Romania som spring ut frå Bucegifjella, i Dei sørlege Karpatane og munnar ut i Ialomița nær Adâncata. Dei øvre delane av elva, før ho renn saman med Azuga vert stundom kalla Prahovița.

Ho har ei lengd på 183 km, der 6 km er i Brașov fylke, 161 km i Prahova fylke og dei siste 16 km i Ilfov fylke.

Prahova har eit nedslagsfelt på 3740 km² og dekkjer 75 % av arealet til Prahova fylke.

Byar og landsbyar Predeal Azuga Bușteni Comarnic Câmpina Breaza

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prahova River» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 Trasee turistice - Județul Ialomița Trasee turistice - Județul Prahova

Kategori:Elvar i Romania Kategori:Brașov fylke Kategori:Prahova fylke Kategori:Ilfov fylke