Jijia er ei elv i regionen Moldavia i Romania. Ho spring ut frå Ukraina i ei høgd på 410 meter over havet og renn sørover i Botoșani fylke og gjennom byen Dorohoi før ho munnar ut i Prut i Gorban, Iași fylke. Ho har ei lengd på 275 km og eit nedslagsfelt på 5757 km². Av store sideelvar finn ein Sitna, Miletin og Bahlui.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jijia River (Prut)» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 ICPA - Comune vulnerabile - județul Botoșani ICPA - Comune vulnerabile - Județul Iași Trasee turistice - județul Iași

Kategori:Elvar i Romania Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Botoșani fylke Kategori:Iași fylke Kategori:Internasjonale elvar i Europa Kategori:Den rumensk-ukrainske grensa