Queluz er ein by i Portugal og ein freguesia, som ligg i kommunen Sintra i distriktet Lisboa. Byen Queluz inkluderat freguesiaene Queluz, Massama og Monte Abraao og har totalt like over 110 000 innbyggjarar. Byen ligg i Sintra og høyrer til Storbyområdet Lisboa.

I Queluz freguesia var det i 2001 27 913 innbyggjarar fordelt på 2,93 km².

Queluz er kjend for palasset ein kongeleg residens på 1700-talet og ein av dei viktigaste rococobyggverka i Portugal.

Den 24. juli 1997 fekk Queluz bystatus. Samstundes vart freguesiaene Massamá og Monte Abraão skild ut frå Queluz, men vart verande ein del av byen Queluz.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Queluz (Sintra)» frå , den 29. juni 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Portugal