Vikværsk eller viksk er målføret eller dialekten som tradisjonelt blir snakka av folk frå dei ytre områda av Oslofjorden, det vil seie frå Østfold og Vestfold i tillegg til nedre delar av Buskerud, Akershus og Telemark (Grenland). «Vikamålet», det vil seie den tradisjonelle arbeidarklassedialekten i Oslo, blir ikkje rekna til denne gruppa, men til midtaustlandsk.

Særdrag Vokalar i trykkveik staving Mange særkjenne ved vikværsk kjem fram når ein ser korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u har utvikla seg. Hovudregelen er slik: Norrøn i og u har falle saman i e. Norrøn a har blitt til e, æ og a: e når norrøn a stod i slutten av eit ord. æ føre ståande r a – eller æ somme stader – når norrøn a hadde ein annan konsonant enn r etter seg. Desse bøyingsmønstera illustrerer det som har skjedd: Norrønt vísu – vísuna – vísur – vísurnar > vikværsk ²viːse – ²viːsa – ²viːser – ²viːsene 'vise'. Norrønt gest – gestinn – gestir – gestirnir > vikværsk ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest'. Norrønt hest – hestinn – hestar – hestarnir > vikværsk ¹hest – ¹hesten – ²hestær – ²hestane 'hest'. Norrønt kasta – kastar – kastaði – kastat > vikværsk ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'.

Jamvekt Når ein trykkveik a fylgde etter ei trykksterk «lett» staving (med ein kort vokal og ein kort konsonant), blei han ikkje redusert til e i slutten av ord, men blei verande a. Dette fenomenet blir kalla jamvekt i norsk målføregransking. Jamfør ordpara nedanfor, der «I-ord» har reduksjon til e, fordi fyrste stavinga er «tung» (ho har lang vokal og/eller lang eller dobbel konsonant), og «II-ord» ikkje har reduksjon, fordi fyrste stavinga er «lett». Dette er opphavet til kløyvd infinitiv: I Ord med «tung» fyrstestaving i norrønt Norrønt kasta 'kaste' (verb; infinitiv) > vikværsk 2kaste Norrønt enda 'ende' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2ene

II Ord med «lett» fyrstestaving i norrønt; «jamvektsord» Norrønt koma 'kome' (verb; infinitiv) > vikværsk 2koma Norrønt posa 'pose' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2poːsa I utkanten av det vikværske området verkar ikkje jamvektsregelen, og ein finn 2kome og 2poːse i staden for 2koma og 2poːsa. Dette «utkantområdet» omfattar Grenland, Larvik og søndre Østfold.

Jamvekta påverka også trykkveik norrøn u, som i jamvekstord tradisjonelt har blitt uttala u og ʉ i vikværsk, men slike former har halde seg mindre: Norrønt hosa 'hose' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2huːsu Norrønt svǫlu 'svale' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2sʉːɽʉ

Andre uttaledrag Tjukk l er utbreidd over store delar av Austlandet generelt, men er også verd å nemne. Han har utvikla seg frå historisk l og rð. Dialekten i Kragerø manglar tjukk l, som tidlegare heller ikkje var i bruk i dialektane i Langesund og Brevik. Uttale av t i utlyd (i bunden form eintal inkjekjønn) sør i Østfold som i mange svenske målføre: 1hʉːset 'huset'. Historisk hv [hw] blei i eldre vestfold- og grenlandsmål uttala gv, og står igjen i faste uttrykk i dag: de 1jek soː de 1gvæin 'det gjekk så det kvein'.

Substantiv I vikværsk blir alle dei tre grammatiske kjønna brukte, som i alle andre norske målføre enn bergensk:

Ubestemt eintal Bestemt eintal Ubestemt fleirtal Bestemt fleirtal Hankjønn eːn 1biːl 1biːlen 2biːlær 2biːlane/2biːlæne Hokjønn eː/æi 1brʉː 1brʉːa/1brʉːæ 2brʉːer 2brʉːene Inkjekjønn et 1hʉːs 1hʉːse/1hʉːset 1hʉːs/2hʉːser 1hʉːsa/2hʉːsene

Andre særdrag Eit anna karakteristisk fenomen er ordet ente (ikkje) som spesielt kan høyrast i Østfold, men også i forma inte i eldre vestfoldske dialektar. Dette kan vera eit døme på ein austleg språkpåverknad, da ordet for ikkje på rikssvensk er inte.

Sjå au Andebumål Grenlandsmålet

Kategori:Vikværsk