26. april er den 116. dagen i den gregorianske kalenderen (117. under skotår). Det er 249 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det tanzanianske flagget Nasjonaldag i Tanzania

Religiøs helgedag

Namnedag

Hendingar

Utlandet 1933: Det offisielle sikkerheitspolitiet Gestapo blei grunnlagd i Tyskland. 1937: Den spanske borgerkrigen. Tyske Luftwaffe bomba den spanske byen Guernica. 1961: Franske styrkar slo ned militæroppstanden i Algerie. 1964: Tanganyika og Zanzibar slo seg saman til Tanzania. 1986: Tsjernobylulukka, ei av dei verste kjernekraftulukkene i verda, fann stad då reaktoren i atomkraftverket i Tsjernobyl i Sovjetunionen (dagens Ukraina) eksploderte. 1989: Verdas dødelegaste kjende tornado ramma sentrale Bangladesh. Over 1 300 blei drepne, 12 000 skadde og opptil 80 000 heimlause. 1991: Sytti tornadoar oppstod i sentrale USA, ein av dei med styrke 5 på Fujita-skalaen.

Noreg 1923: Stortinget gir regjeringa fullmakt, med 104 mot 40 røyster, til å setje konkurstruga bankar under administrasjon. 1942: To norske soldatar frå Kompani Linge i strid med tyske soldatar og Gestapo-folk i Tælavåg. Fire dagar seinare vert bygda rasert av tyske styrkar. 2005: Kvensk fekk status som eige språk i Noreg.

Fødde

121: Marcus Aurelius, romersk keisar 1575: Maria av Medici, fransk dronning og regent 1711: David Hume, britisk filosof 1798: Eugène Delacroix, fransk målar 1889: Ludwig Wittgenstein, austerriksk filosof 1917: I.M. Pei, kinesisk-amerikansk arkitekt 1945: Paal-Helge Haugen, norsk forfattar 1951: Tor Bomann-Larsen, norsk forfattar

Døde

1444: Robert Campin, flamsk målar 1910: Bjørnstjerne Bjørnson, norsk forfattar 1920: Srinivasa Ramanujan, indisk matematikar 1970: Gypsy Rose Lee, amerikansk skodespelar 1984: Count Basie, USA-amerikansk jazzmusikar

Bakgrunnsstoff