Ein bibelsk salme er poetisk utforma tekst i Bibelen. Ein skil gjerne mellom dei gamaltestamentlege Salmane som er samla i ei eiga bok i Det gamle testamentet og canticum, (pl. cantica), som vert bruka om tekstar som står salmane nær i form og liturgisk famføringsmåte.
Dei bibelske salmane vert gjerne framført som psalmodi, dvs etter faste melidiformlar som resitasjon. Mange bibelske salmar har fått ein rikare melodi. I Norsk salmebok er det teke med 24 bibelske salmar frå Salmane, ein frå Klagesongane og sju andre bibelske salmar.
Cantica maiora Cantica maiora er salmar i Det nye testamentet: Marias lovsong (Luk. 1,49 ff) Sakarjas lovsong (Luk. 1,68 ff) Simeons lovsong (Luk. 2, 29 ff) Desse nytestementlege salmane har truleg vore sungne i dei kristne kyrkjelydane alt før evangelia var nedskrivne i si endelege form.
Cantica minora Cantica minora er salmar i Det gamle testamentet som står i andre bøker enn Salmane. Desse salmane hadde dei fyrste kristne kyrkjelydane overteke frå den jødiske gudstenestefeiringa. Tekstane kan vi i dag finne i dei kanoniserte skriftene eller i dei apokryfe skriftene.
Blant cantica minora er Lovsongane til Moses Annas lovsong (1. Sam. 2) Daniels lovsong (Dan. 3)
Canticum canticorum Canticum canticorum er Høgsongen, i tradisjonen ofte tillagt kong Salomo.
Kjelder Cappelens musikkleksikon (1980), red. Kari Michelsen, ISBN 82-02-03690-9 Kristen sang og musikk Runa forlag 1962
Kategori:Bibelen Kategori:Salmar Kategori:Kyrkjemusikk