Murree (urdu مری, frå marhi, 'høg stad') er ein by i Murree-åsane i Panjab i Pakistan. Det kjølige klimaet der gjer byen til ein populær sommarferiestad for innbyggjarar i Islamabad og byar i Punjab i Pakistan, og tidlegare for koloniherrane i Britisk India.
Murree er også administrasjonssenter i Murree Tehsil, eit område i Rawalpindi distrikt som omfattar Murree-åsane. Den viktigaste folkegruppa i Murree er dhond abbasi.
Historie mini|Hovudgata The Mall i Murree, fotografert i 1940.
Murree blei grunnlagd i 1851 av Sir Henry Lawrence, guvernøren av Punjab, som ein opphaldsstad for britiske troppar stasjonert ved den afghanske grensa og som eit sanatorium. I 1857 blei hovudvegen The Mall bygd og den anglikanske kyrkja midt i byen vigsla.
Murree var behageleg kjølig om sommaren, og styresmaktene i Panjab flytta hit på denne årstida fram til 1876, då ein i staden tok i bruk Simla i Himalaya til sommarhovudstad. Jarnbanelinja til Lahore gjorde Murree lett å koma til, og han var mykje brukt som sommarbustad av statstilsette i Panjab. Det offisielle folketalet på 1844 i 1901 kunne stiga til så mykje som 10 000 om sommaren.
Byen er framleis prega av engelsk arkitektur og av eksotisk europeisk-innført frukt som kirsebær, jordbær og bringebær.
Folk frå Murree Fleire kjende angloindarar blei fødde i Murree:
Francis Younghusband, offiser og utforskar Reginald Dyer, offiseren som stod bak Amritsar-massakren Maud Diver, forfattar
Kjelder «Murree» i , den 14. juni 2008. «Murree» i Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005. Oxford Reference Online, Oxford University Press. 14. juni 2008
Fotnotar
Kategori:Byar i Pakistan Kategori:Panjab i Pakistan