Gamvik kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1958 i Gamvik kommune i Finnmark. Kyrkja er den nordlegaste kyrkja på det europeiske fastlandet.

Gamvik kyrkje er bygd i betong med 224 plassar i kyrkjerommet og 80 i menighetssalen. Arkitektar for kyrkja var Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas.

Ein kan koma til staden via Fv263.

Tidlegare kyrkjer Den fyrste kyrkja i Gamvik vart sett opp i 1856. Ho vart flytta dit frå Gullholmen i Tana, der ho hadde vore misjonskyrkje sidan 1719. Dette fyrste kapellet i Gamvik vart vigsla i 1858. Etter at den andre kyrkja vart bygd i 1894, stod dette samekapellet ved sida av hovedkyrkja fram til 1914.

Den neste kyrkja vart bygd i 1894, og hadde 260 sitjeplassar. Denne vart, som dei fleste andre bygningane i denne delen av Finnmark, brent då dei tyske styrkane trekte seg attende under krigen. Kyrkja brann ned 5. november 1944.

Soknet Ved kgl.res. 11. oktober 1968 vart Gamvik sokn utskilt som eige prestegjeld.

Jubileum Den noverende kyrkja vart vigsla av biskop Alf Wiig fjerde sundag etter påske, 27. april 1958. I 2008 var det 50-årsjubileum for den nye kyrkja.

Bilete

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Gamvik Kategori:Kyrkjer i Hammerfest prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1958 Kategori:Kulturminne i Gamvik Kategori:Bygningar teikna av Gudolf Blakstad Kategori:Bygningar teikna av Herman Munthe-Kaas