Jødespansk er ein samleterm for språkformer av spansk med meir eller mindre påverknad frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardiske jødar i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.

Jødespansk inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk – det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel – er det mange tyrkiske og greske lånord.

Andre namn for jødepansk inkluderer djudíospanyol, djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særleg i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.

Språklege særtrekk for jødespansk varierer mykje mellom dei ulike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:

M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.)); mueve/nueve (‘ni’ (num.)). G for H i ord som agora (‘no’, sp. ahora). -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); sinku/sinko (‘fem’, sp. cinco). Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, sp. casa).

Jødespansk har tradisjonelt vorte skrive med det hebraiske alfabetet, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Socolovsky, Jerome. «Lost Language of Ladino Revived in Spain», Morning Edition, National Public Radio, March 19, 2007.

Kategori:Iberiske språk Kategori:Romanske språk Kategori:Jødiske språk Kategori:Balkanspråk Kategori:Nord-Afrika Kategori:Språk i Israel Kategori:Språk i Tyrkia Kategori:Einskildspråk