Alfred den store () var konge av Wessex frå 871 og til han døydde. Han var også den mektigaste kongen i England, og sjølv om han aldri herska over heile det som i dag er England blir han likevel gjerne rekna som konge av landet. Alfred blir rekna som ein av dei mest sentrale personane i samlinga av England og i forsvaringa av riket mot danane, og han har derfor fått tilnamnet «den store». Han var også den første kongen som hadde tittelen «konge av England» i levetida si. I motsetjing til andre tidlege engelske kongar veit ein mykje om livet hans, ettersom Asser, biskopen av Sherborne, skreiv ein biografi om han.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kongar av Wessex Kategori:Engelske monarkar Kategori:Fødde i 840-åra Kategori:Døde i 890-åra Kategori:Angelsaksarar