Vest-Pommern (polsk Województwo zachodniopomorskie eller berre Zachodniopomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordvest i Polen og grensar til Pommerske voivodskap i aust, Storpolske voivodskap i søraust, Lubusz-voivodskapet i sør, Tyskland (Mecklenburg-Vorpommern) i vest og Austersjøen i nord.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Szczecin og Koszalin, samt delar av tilstøytande voivodskap. Det er kalla opp etter den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Trass i namnet inneheld ikkje Vest-Pommern dei vestlegaste områda av den historiske regionen, som ligg i Tyskland (sjå Vorpommern).

Geografi mini|venstre|Stettiner Haff: Strand i Trzebież nær Police i Polen.

Vest-Pommern er det femte største voivodskapet i Polen ut frå flatevidd. Av dei største byane i regionen er hovudstaden Szczecin og Koszalin, Stargard Szczeciński og Świnoujście.

Kysten langs Austersjøen er eit populært turistområde med mange strender, innsjøar og skogområde. Szczecin og Świnoujście er viktige hamnebyar. Andre store byar ved sjøen er Międzyzdroje, Dziwnów, Kołobrzeg og Mielno.

Byar og landsbyar Voivodskapet har 62 byar og landsbyar. Folketala i lista under er offisielle tal frå 2006 :

1. Szczecin (410 809) 2. Koszalin (107 783) 3. Stargard Szczeciński (70 534) 4. Kołobrzeg (44 794) 5. Świnoujście (40 899) 6. Szczecinek (38 756) 7. Police (34 284) 8. Wałcz (26 140) 9. Białogard (24 339) 10. Goleniów (22 448) 11. Gryfino (21 478) 12. Nowogard (16 745) 13. Gryfice (16 702) 14. Choszczno (15 753) 15. Świdwin (15 637) 16. Darłowo (14 380) 17. Barlinek (14 156) 18. Dębno (13 903) 19. Złocieniec (13 377) 20. Sławno (13 314) 21. Pyrzyce (12 642)

22. Myślibórz (11 867) 23. Drawsko Pomorskie (11 465) 24. Łobez (10 617) 25. Trzebiatów (10 113) 26. Kamień Pomorski (9 134) 27. Połczyn-Zdrój (8 572) 28. Chojna (7 187) 29. Czaplinek (6 933) 30. Sianów (6 543) 31. Karlino (5 794) 32. Międzyzdroje (5 436) 33. Wolin (4 878) 34. Bobolice (4 446) 35. Resko (4 377) 36. Borne Sulinowo (4 224) 37. Płoty (4 142) 38. Lipiany (4 124) 39. Kalisz Pomorski (3 989) 40. Barwice (3 838) 41. Mieszkowice (3 553) 42. Chociwel (3 285)

43. Maszewo (3 073) 44. Węgorzyno (3 011) 45. Recz (2 995) 46. Polanów (2 967) 47. Dziwnów (2 949) 48. Golczewo (2 724) 49. Pełczyce (2 698) 50. Mirosławiec (2 633) 51. Trzcińsko-Zdrój (2 496) 52. Dobrzany (2 420) 53. Drawno (2 399) 54. Człopa (2 390) 55. Biały Bór (2 127) 56. Dobra (2 028) 57. Ińsko (2 001) 58. Tuczno (1 965) 59. Cedynia (1 653) 60. Moryń (1 570) 61. Suchań (1 446) 62. Nowe Warpno (1 170)

Administrativ inndeling Vest-Pommern er delt inn i 21 fylke (powiat) der tre av desse er byfylke og 18 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 114 kommunar (gmina).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «West Pomeranian Voivodeship» frå , den 23. mai 2008.

Bakgrunnsstoff