Knutskyrkja i Harme er ei kyrkje nemnd i Aslak Bolts jordebok. Harme er eit gammalt namn på Velfjorden i Brønnøy.

I følgje jordeboka åtte «Knutzkirkia j Harme» desse eigedommane:Aslak Bolts jordebok ved Jon Gunnar Jørgensen, Oslo 1997 ISBN 82-548-0052-9 «Af bølit j Harme» «Af Dilstadhom» (Lese som Dolstad, truleg heller Hillstad i Velfjord, BrønnøyMunnleg meddeling frå bygdebokredaktør Kjell Jacobsen, Vefsn «Af Brekko» (Brekk i Vik, Sømna) «Af nørdra Husom» (Nordhus, Brønnøy) «Af mid Husom» «Af Hognastadom» (Hongset, Brønnøy) «Af Raudhello» (Rødhylla, Brønnøy)

Kyrkja kan vere identisk med St. Knuts kyrkjeruin på Tilrem. Denne kyrkja gjekk ut or bruk i tida omkring svartedauden. Ruinen vart delvis utgravd av Einar Høvding på 1930-talet. Øystein Ekroll: «Guds hus i stein og tre» i Helgeland historie 1994 ISBN 82-90148-55-0 Tilrem var ein viktig ting- og marknadstad. Truleg har kyrkja vore oppført av danske misjonærar utsende av kong Knut. Jordeboka til erkebiskop Aslak Bolt nemner eigedommar kyrkja åtte, men som det ikkje lenger vart betalt leige for. At eigedomstilhøvet er nemnde i fortid, ved at verbforma åtte er bruka, tyder på at kyrkja ikkje lenger var i bruk då jordeboka vart skriven omkring 1430.

Det er likevel enno usikkert om ruinen på Tilrem verkeleg er Knutskyrkja.

I 2007 vart ruinane konserverte, og 2. pinsedag 2008 vart det igjen halde gudsteneste i kyrkjeruinene på Tilrem.http://www.helgeland-arbeiderblad.no/nyheter/article3524855.ece?service=print

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Brønnøy Kategori:Kulturminne i Brønnøy Kategori:Kyrkjeruinar Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg