mini|Biebrza i solnedgang Biebrza (kviterussisk Bobra) er ei elv nordaust i Polen og ei av sideelvane til Narew (nær Wizna). Ho har ei lengd på 155 km og er den 28. lengste i Polen. Ho har eit nedslagsfelt på 7057 km².

mini|venstre|Biebrza in Burzyn Dei største byane i nedslagsfeltet er: Lipsk Sztabin Goniądz Radzilow Wizna

I dag er elva mest kjend for eit yrande dyreliv i torvmyrane. Historisk låg elva i grenselandet mellom Masovia og Litauen og området har halde på mykje av det kulturelle mangfaldet i dag.

Dei fleste innbyggjarane i området talar standard polsk, men enkelte i den øvre delen av elva snakkar ein lokal dialekt av kviterussisk (av dei sjølv kalla prosty jazyk - «det enkle språket»). Folk her høyrer til den ortodokse eller romersk-katolske kyrkja.

Bakgrunnsstoff Fuglar i Biebrza nasjonalpark Topografiske kart Radzilow - By ved Biebrza

Kategori:Elvar i Polen