Thames Valley er eit landleg område nord på Nordøya på New Zealand. Det ligg langs breiddene til Waihouelva, tidlegare kalla Thames-elva, sør for havbukta Firth of Thames, søraust for Auckland.

Administrativt ligg området delvis under regionen Waikato for somme føremål, og under distriktet Thames-Coromandel for andre.

Hovudnæringsvegen i området er mjølkeproduksjon, og dei viktigaste byane er Paeroa og Te Aroha.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thames Valley, New Zealand» frå , den 12. mai 2008.

Bakgrunnsstoff Heimeside til Te Aroha.

Kategori:Thames-Coromandel Kategori:Waikato