Nikolaj Andrejevitsj Rimskij-Korsakov () var ein russisk komponist. Han var lærar i harmoni og orkestrering. Han er spesielt kjend for å bruke eventyr som tema, og for den uvanlege evna i orkestrering, som kan ha vore prega av synestesien hans.

Liv og virke mini|venstre|Portrett av Nikolaj Rimskij-Korsakov måla av Valentin Serov (1898)

Rimskij-Korsakov blei fødd i byen Tikhvin, 200 kilometer aust for St. Petersburg, i ein aristokratisk familie. Han viste musikalske evner frå tidleg alder, men studerte ved Det russiske kongelege marine-gymnasiet i St. Petersburg og slutta seg seinare til den russiske marinen. Det var først då han møtte Milij Balakirev i 1861 at han begynte å konsentrere seg meir seriøst om musikk. Balakirev oppmuntra han til å komponere. Gjennom Balakirev møtte han òg andre komponistar i gruppa som seinare kom til å bli heitande «Den mektige handfullen», betre kjend som «Dei fem». I marinen fullførte Rimskij-Korsakov sin første symfoni (1861-1865). Symfonien er somme gonger påstått å vere den første symfonien av ein russar, men Anton Rubinstein komponerte sin første symfoni i 1850. Før han sa nei til å bli offiser i 1873 fullførte han òg den første versjonen av sitt velkjende orkesterstykkje Sadko (1867) og operaen Jomfrua frå Pskov (1872). Desse tre verka er av fleire tidlege verk som komponisten reviderte seinare i livet.

Det symfoniske diktet Scheherazade er berømt, men det er truleg interludiet «Humlens flukt» frå operaen Tsar Saltan Rimskij-Korsakov er mest kjend for.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nikolaj Rimskij-Korsakov» frå , den 7. mai 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske komponistar Kategori:Russiske musikarar