Vedalsfossen er ein foss i Vedalselva, ei sideelv til Veig i Hjølmadalen (også kalla Hjølmodalen ) i Eidfjord kommune i Vestland.
Fossen har eit vertikalt fall på 190 meter eller nær 200 meter, og dette reknar ein som det åttande høgaste loddrette fallet i Noreg. Fossefallet vert ofte omtalt som høgare om ein tar med den forholdsvis bratte delen av elva nedanfor. Kjeldene oppgjev samla fallhøgd på 650 meter. Frå utløpet på Hardangervidda til samløpet med hovudelva er høgdeforskjellen kring 680 meter. Vedalsfossen kjem ned i Hjølmadalen frå sidedalen Vedalen i dobbelt løp.norgeskart.no oppslag 15. desember 2018 Fossen er vanskeleg tilgjengelwg. Ein kan sjå fossen frå vegen mellom Sæbø og Hjølmo.
Johannes Flintoe brukte Vedalsfossen som motiv då han dekorerte «fulgeværelset» på det nye slottet i Christiania.
Fossen vert stundom rekna for å ha ei høgd på 600 m, men dette er høgdepotensialet til elva om ein nytta ho til vasskraftproduksjon. På 1970-talet vurderte ein kraftutbygging av fossen, noko som ville medført tørrlegging av han.
Hjølmadalen er vill og forriven. Lengre inn i dalen fell Veig gjennom Valursfossen.
Sjå òg Fossar i Noreg
Kjelder
Vedalsfossen på World Waterfall Database
Denne artikkelen bygger på «Vedalsfossen» frå , den 10. juli 2019.
Bakgrunnsstoff Bilete av fossen
Kategori:Fossar i Vestland Kategori:Geografi i Eidfjord