mini|Mardalsfossen vert stundom feilaktig rekna for å ha det høgaste fossefallet i Noreg Noreg er eit land med mange fossefall, og dei høgaste fossane i landet er av dei høgaste fossane i både Europa og heile verda.
Myter og mistydingar Kva som er dei høgaste fossane i landet er ofte omdiskutert. Ofte vert fossar som er lett tilgjengeleg eller som vert rekna som turistattraksjonar feilaktig omtalt som høgast i landet eller i eit område. Fossar med større volum ser gjerne meir imponerande ut enn fossar med lite vatn, og vert òg stundom feilaktig prioritert på lister over dei høgaste fossane. Høgda på fossar kan målast ut frå både total høgd om fossen har fleire fall og høgda på det høgaste fallet. Desse omgrepa kan stundom forvekslast. Både Vettisfossen og Feigefossen har vorte omtalt som dei høgaste i landet. Mardalsfossen er eit anna døme og sjølv Vøringsfossen, som er den 113. høgaste i landet, har vorte kalla den høgaste i Noreg.
Mange fossar i landet er regulerte med omsyn på vasskraftproduksjon og ei anna feilkjelde er at kraftindustrien kan omtale det maksimale høgdepotensialet til ei elv som kan utnyttast i kraftproduksjonen. Denne høgda er ikkje nødvendigvis den same høgda som sjølve fossefallet.
Høgaste fossar i landet Den høgaste fossen i Noreg etter totalt fall er truleg Vinnufossen i Sunndal kommune i Møre og Romsdal med ei høgd på 865 meter. Dette gjer han òg til den høgaste fossen i Europa og den sjette høgaste i verda. Det høgaste fallet i Vinnufossen er 735 m og Mongefossen i Rauma i Møre og Romsdal har det høgaste enkeltfallet i Noreg med 773 meter. Mongefossen er regulert og tørrlagt store delar av året.
Liste
Lista inneheld fossane i Noreg med ei totalt fall på 30 meter eller høgare. Lista inneheld både fossar med lite volum og fossar som berre eksisterer til somme tider på året. Denne typen fossar vert ikkje alltid tatt med på slike lister.
Enkelte høgder kan vere noko unøyaktig, så lista kan innehalde feil. Det kan òg finnast fleire fossar på over 30 meter i Noreg.
Namn Høgd (m) Høgaste fall (m) Fylke 1 Vinnufossen 865 730 Møre og Romsdal 2 Skorgefossen 864 Møre og Romsdal 3 Kjerrskredfossen 830 206 Sogn og Fjordane 4 Mongefossen 773 773 Møre og Romsdal 5 Balåifossen 765 Hordaland 6 Tjøtafossen 738 738 Sogn og Fjordane 7 Ølmåafossen 720 720 Møre og Romsdal 8 Kjeragfossen 715 715 Rogaland 9 Tågfossen 706 706 Møre og Romsdal 10 Kjelfossen 705 198 Sogn og Fjordane 11 Heggurfossen 650 650 Møre og Romsdal 12 Tyssestrengene 646 312 Hordaland 13 Mardalsfossen 645 320 Møre og Romsdal 14 Døntefossen 620 229 Møre og Romsdal 15 Ytste Tinjefjellfossen 620 380 Sogn og Fjordane 16 Langfoss 612 612 Hordaland 17 Brufossen 610 240 Hordaland 18 Krunefossen 610 213 Sogn og Fjordane 19 Grinddalsfossen 590 Møre og Romsdal 20 Kveåfossen 590 590 Sogn og Fjordane 21 Ramnefjellfossen 585 405 Sogn og Fjordane 22 Morkateiggrøvene 580 Sogn og Fjordane 23 Lægdafossen 575 125 Sogn og Fjordane 24 Tverrgrovfossen 565 565 Møre og Romsdal 25 Østre Tinjefjellfossen 560 Sogn og Fjordane 26 Sundefossen 557 Hordaland 27 Smørblindofossen 556 Hordaland 28 Ormelifossen 551 Sogn og Fjordane 29 Oksfossen 549 Troms 30 Voldefossen 549 250 Sogn og Fjordane 31 Brekkefossen 546 Sogn og Fjordane 32 Høvlafossen 540 540 Møre og Romsdal 33 Svellofossen 535 565 Hordaland 34 Tundrafossen 520 Sogn og Fjordane 35 Tjørnadalsfossen 505 Hordaland 36 Kyrfoss 504 285 Sogn og Fjordane 37 Krokfossen 485 485 Hordaland 38 Strupen 480 122 Sogn og Fjordane 39 Hydnefossen 475 155 Buskerud 40 Tyssefossen 475 120 Møre og Romsdal 41 Skrikjofossen 455 250 Hordaland 42 Kyrfossen 450 360 Hordaland 43 Breimegåfossen 445 445 Møre og Romsdal 44 Tunshellefossen 445 120 Sogn og Fjordane 45 Kyrfossen 440 200 Sogn og Fjordane 46 Nordre Mardalsfossen 440 381 Møre og Romsdal 47 Veslegjuvfossen 440 125 Oppland 48 Gomsdalsfossen 420 70 Møre og Romsdal 49 Ringedalsfossen 420 300 Hordaland 50 Melkevollfossen 419 122 Sogn og Fjordane 51 Gjerdefossen 415 245 Møre og Romsdal 52 Heggheimsfossen 410 410 Sogn og Fjordane 53 Marsåfossen 410 113 Sogn og Fjordane 54 Sju Søstre 410 410 Møre og Romsdal 55 Skålefossen 400 400 Sogn og Fjordane 56 Rustøyfossen 390 Sogn og Fjordane 57 Hjellefossen 380 380 Sogn og Fjordane 58 Sagfossen 379 Hordaland 59 Strondsfossen 378 378 Hordaland 60 Novlefoss 377 Hordaland 61 Kvitåefossen 366 Telemark 62 Vermafossen 365 Møre og Romsdal 63 Ringeriksfossen 360 105 Hordaland 64 Stølsmaradalsfossen 350 350 Sogn og Fjordane 65 Ryefossen 335 335 Sogn og Fjordane 66 Kjørlifossen 335 335 Sogn og Fjordane 67 Skeidsläfossen 325 Sogn og Fjordane 68 Grønefossen 325 114 Sogn og Fjordane 69 Ædnafossen 320 213 Hordaland 70 Brudesløret 320 320 Møre og Romsdal 71 Skytjefossen 315 315 Hordaland 72 Volefossen 309 274 Sogn og Fjordane 73 Vidfoss 307 187 Hordaland 74 Neslefossen 305 Sogn og Fjordane 75 Berdølofossen 280 Hordaland 76 Friaren 275 125 Møre og Romsdal 77 Vettisfossen 275 275 Sogn og Fjordane 78 Kvamefossen 274 76 Sogn og Fjordane 79 Rembesdalsfossen 272 Hordaland 80 Valursfossen 272 205 Hordaland 81 Mollisfossen 269 140 Troms 82 Drivandefossen 264 Sogn og Fjordane 83 Øysterbøfossen 260 Sogn og Fjordane 84 Skyrdalsfossen 260 Hordaland 85 Austrekrågforsen 257 257 Nordland 86 Hølgamefossen 255 255 Sogn og Fjordane 87 Smøreholefossen 250 140 Sogn og Fjordane 88 Svøufallet 246 167 Møre og Romsdal 89 Søtefossen 246 176 Hordaland 90 Turlifossen 245 245 Sogn og Fjordane 91 Mogelifossen 244 Hordaland 92 Rjoandefossen 241 140 Sogn og Fjordane 93 Stigfossen 239 122 Møre og Romsdal 94 Sivlefossen 238 116 Hordaland 95 Tysvikjofossen 235 235 Hordaland 96 Sæteigfossen 235 Hordaland 97 Vassvikefossen 235 Hordaland 98 Myrdalsfossen 230 100 Sogn og Fjordane 99 Feigefossen 229 229 Sogn og Fjordane 100 Dyrdalsfossen 219 Møre og Romsdal 101 Yrifossen 213 Sogn og Fjordane 102 Reiårsfossen 210 210 Aust Agder 103 Storhoggfossen 210 104 Stødnafossen 210 115 Sogn og Fjordane 105 Fyssafossen 200 160 Sogn og Fjordane 106 Kvinnafossen 200 200 Sogn og Fjordane 107 Melheimsfossen 195 130 Sogn og Fjordane 108 Aurstaupet 193 85 Møre og Romsdal 109 Vedalsfossen 190 190 Hordaland 110 Krekafossen 185 Sogn og Fjordane 111 Nyastølsfossen 180 105 Hordaland 112 Trollfossen 175 175 Møre og Romsdal 113 Vøringsfossen 173 135 Hordaland 114 Gluterfossen 171 Møre og Romsdal 115 Bølifossen 170 Sogn og Fjordane 116 Kjotånafossen 169 Møre og Romsdal 117 Avdalsfossen 165 165 Sogn og Fjordane 118 Honganvikfossen 155 155 Hordaland 119 Linndalsfallet 145 114 Møre og Romsdal 120 Asfossen 138 138 Hordaland 121 Eldegardsfossen 135 119 Sogn og Fjordane 122 Stalheimsfossen 126 126 Hordaland 123 Dravladalsfossen 125 124 Skarvefossen 119 119 Hordaland 125 Skjervsfossen 117 73 Hordaland 126 Tvindefossen 116 Hordaland 127 Brudesløret 110 110 Møre og Romsdal 128 Skogafossen 105 105 Møre og Romsdal 129 Rjukanfossen 104 104 Telemark 130 Tveitafossen 103 103 Hordaland 131 Rullestadjuvet 101 Hordaland 132 Espelandsfossen 99 84 Hordaland 133 Låtefossen 95 95 Hordaland 134 Reppfallet 94 94 Møre og Romsdal 135 Styggfossen 82 Møre og Romsdal 136 Espelandsfossen 75 55 Hordaland 137 Hallarfossen 70 70 Møre og Romsdal 138 Øvstebrufossen 70 70 Sogn og Fjordane 139 Vårstigåafossen 66 Sør Trøndelag 140 Spirefossen 61 Sogn og Fjordane 141 Kleivafossen 41 41 Sogn og Fjordane 142 Stølsfossen 34 34 Hordaland 143 Kvernusfoss 30 30 Sogn og Fjordane
Kjelder
Worlds Tallest Waterfalls - World Waterfall Database NVE si liste over dei høgste fossane i landet .
Bakgrunnsstoff