WT Os internasjonale filmfestival er ein internasjonal filmfestival i Os i Hordaland, som vert halden årleg i tidleg november. Festivalen er også kjend som WT-festivalen. Festivalen vart skipa i 1999, og har vorte arrangert kvart år sidan.

Filmfestivalen på Os har rykte på seg for å vera den «mest sjarmerande filmfestivalen i Noreg»sitat Tor Fosse, direktør for Bergen internasjonale filmfestival, under gallashowet til WT-festivalen i 2006., og vart døypt «Glamdance»Kalle Løchen, Film&Kino for å ha høg glamourfaktor i kontrast til dei landlege og spartanske omgjevnader på Os.

Festivalen har i overkant av 3500 vitjingar kvart år, og i 2010 vart det synt 72 filmar frå 22 ulike land. Festivalen er ein av dei fremste independent-festivalane i Noreg, og syner bidrag frå amatørar så vel som profesjonelle aktørar frå heile verda.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Festivalen si heimeside. Sjur Aaserud, Trollmannen fra Os Studvest 20/09-2006 Walter N. Vehus, Da glamouren kom til Os Bergens Tidende 11/11-2006 Sjur Aaserud, På den røde løperen i Os Studvest 15/11-2006 Kalle Løchen, Glamdance i OsFilm&Kino 15/11-2006 Kjetil Vasby Bruarøy, Osingar som Cannes Midtsiden 9/10-2007 Camilla Kvamme og Birgitte Vaksdal, -Dette er noe helt annet enn BIFF! Bergensavisen 7/11-2007

Kategori:Filmfestivalar i Noreg Kategori:Os kommune i Hordaland Kategori:Skipingar i 1999 Kategori:Kultur i Bjørnafjorden