Audna (Audnedalselva) renn gjennom Audnedalen i Agder gjennom Lyngdal og Lindesnes kommunar. Audna har utspringet sitt i Grindheimsvatnet, går gjennom Øvre Øydnavatnet og Ytre Øydnavatnet og munnar ut i Sniksfjorden.

Audna er 55 km lang. Det er laks og sjøaure på ei 30 km lang strekning frå Bustad og opp til utløpet av Ytre Øydnavatnet.

Nedbørfeltet er på 450 km² og middelvassføringa er 20 m³/s.

Den stadeigne laksestamma i Audna gjekk til grunne tidleg på 1970-talet. Eit kalkingsprosjekt starta i 1985. Målet var å bygge opp ei ny laksestamme. Dette målet er nådd og laksestamma vert no opprettheldt gjennom naturleg reproduksjon.

I 2004 vart det fiska 2,4 tonn laks og 219 kg sjøaure i Audna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Audna» frå , den 2. mai 2008.

Kategori:Elvar i Agder Kategori:Geografi i Lyngdal Kategori:Geografi i Lindesnes Kategori:Audnedal