15. mai er den 135. dagen i den gregorianske kalenderen (136. under skotår). Det er 230 dagar att av året.

Merkedag

100px|Det paraguayanske flaggetNasjonaldag i Paraguay

Religiøs helgedag

Historisk Romarane feira Mercuralia til ære for Merkur.

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja Den heilage Jean-Baptiste de la Salle Den heilage Hallvard (i Noreg)

Hendingar

Utlandet 1525: Bondeopprørarane i Den tyske bondekrigen blei nedkjempa i slaget ved Frankenhausen. 1718: Den engelske advokaten James Puckle tok patent på verdas første maskingevær. 1851: Kroninga av Rama IV av Thailand. 1943: Josef Stalin oppløyste Komintern (Tredje Internasjonalen).

Noreg 1821: Stortinget vedtok form og farge på det norske flagget.

Fødde mini|upright|Simen Agdestein i 2008

1567: Claudio Monteverdi, italiensk komponist 1746: Claus Frimann, norsk prest og diktar 1827: Knut Bergslien, norsk målar 1867: Hjalmar Johansen, norsk polfarar 1891: Mikhail Bulgakov, sovjetisk forfattar 1915: Jens Christian Hauge, norsk politikar 1964: Levi Henriksen, norsk forfattar 1967: Simen Agdestein, norsk sjakkspelar og fotballspelar

Døde mini|Emily Dickinson døydde i 1886, 55 år gammal

1760: Alaungpaya, konge av Burma 1886: Emily Dickinson, amerikansk diktar 1935: Kasimir Malevitsj, russisk målar 2012: Carlos Fuentes, meksikansk forfattar