Blåhornet i Geiranger er eit fjell i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på 1667 meter over havet og er det 900. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Fotturen til Blåhornet startar nede ved Geirangerfjorden ved garden Homlung. Ein går i skog i bratt lende forbi Homlungsætra og kjem opp i Skagedalen, som ein går inn etter så langt at ein kjem forbi Blåhornet på høgre sida. Siste stykket går ein i jamn stiging opp sørvestsida mot toppen. thumb|left|Frå overgangen mellom Geiranger og Eidsdal ser ein toppen på Blåhornet stikke opp bakom fjellet Keipane. Sjå òg Høgaste fjell i Noreg

Kategori:Fjell på Sunnmøre Kategori:Fjell i Stranda