Njunis er eit fjell som ligg i indre Troms. Fjelltoppen ligg 1721 meter over havet. Frå fjellet er det særs god utsikt, det er mogeleg å sjå Finnmark i nord, Nordland i sør, Sverige i aust og Senja i vest. På fjelltoppen ligg Luftforsvaret sitt radaranlegg Sindre. Radaranlegget kan søkkast ned i fjellet og ved operativ bruk har radaren offisielt ei rekkevidde på 450 kilometer.
Sjå òg Høgaste fjell i Noreg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Njunis» frå , den 26. april 2008. oppgav desse kjeldene: Aftenposten.no
Kategori:Fjell i Målselv