Store Knutsholstinden er eit fjell i Vågå kommune i Innlandet. Med ei høgd på 2341 meter over havet er fjellet det 14. høgaste i Noreg. Fjellet ligg på ein høg rygg mellom Knutsholet mot aust og Svartdalen mot vest. Mot Knutsholet er tinden alpin, med store hengebrear.

På midten av 1800-talet vart Knutsholstinden sett på som ubestigeleg, og dessutan trudde enkelte at han den var Noregs høgaste fjell. Johannes Heftye si førsteklatring i 1875 vart sett på som ei stor bragd, og vart i samtida samanlikna med Slingsby si klatring av Storen. Mellom Slingsby og Heftye oppstod det eit kjensleladd, offentleg ordskifte, med nasjonalistiske undertonar. Som ei følgje av dette, og for å vise at Storen var eit enkelt fjell å klatre, fann Heftye ruta på Storen som seinare har vorte normalvegen, Heftye-ruta.Ben Johnsen: Jotunheimens stortoppar, NTK 1991, s. 157-161.

Kjelder

Kategori:Fjell i Vågå Kategori:Jotunheimen Kategori:2000 m-toppar i Noreg