Skogshorn på 1728 moh. er grensefjellet mellom Hemsedal og Valdres. Den frittliggande fjelltoppen avgrenser Hemsedalsfjella mot sør, og er lett synleg frå stor avstand. Fjellsida er særs bratt mot Hemsedal, men det er enkelt å nå toppen frå aust.

Geologi Skogshorn består i likskap med Hallingskarvet og Reineskarvet av grunnfjell som vart pressa frå vest mot aust i samband med den kaledonske fjellkjedefoldinga for om lag 400 millionar år sidan. Fjellet består derfor av gneis og djupbergart av prekambrisk alder.

Krossen på toppen Det er reist ein kross øvst på Skogshorn, første gong reist i 1880-åra og fornya både i 1945 og 1980 der det er rissa inn «Gud signe konge og fedreland» ved sidan av monogramma til Håkon 7. og Olav 5.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skogshorn» frå , den 22. april 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Hemsedal