Vråvatn er ein innsjø som ligg i Kviteseid kommune i Telemark. Han har hovudtilløpet sitt frå Skredvatn, medan utløpet er via «Straumen», til Nisser. Systemet er ein del av Arendalsvassdraget.

I 1914 vart det bygd to sluser i Straumen. Dette gjorde det mogeleg å reise heile den 50 km lange strekninga frå Tveitsund sør i Nisser til Vråliosen nord i Vråvatn med båt. Veteranbåten «Fram» trafikkerar framleis denne strekninga med turistar om sommaren.

Kategori:Innsjøar i Telemark Kategori:Geografi i Kviteseid Kategori:Arendalsvassdraget