Setten er ein innsjø som ligg ved Setskog i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Innsjøen ligg typisk skogterreng, berre stadvis med grense mot innmark. Sjøen har mange viker og mindre øyar og er ein ynda stad for kanopadlarar, sportsfiskarar og campingturistar. Sjøen er ein del av Haldenvassdraget, og munnar ut i Mjermen.
Fiskebestanden i Setten består i hovudsak av gjedde, åbor, mort, laue og lake.
Setten var ein del av eit større tømmerfløtingssystem som kunne fløte tømmer frå Eidskog via Sootkanalen, til Mjermen og vidare mot sjøane i Haldenvassdraget. Sootkanalen har innløp sitt til Setten ved Tangen i nord og tømmeret måtte bli slepa med båt til Kolstad i sør.
Kategori:Innsjøar i Aurskog-Høland Kategori:Haldenvassdraget Kategori:Reservoar i Østfold