Tunevannet er ein innsjø som ligg i Sarpsborg kommune i Østfold.

Økologi Vatnet i innsjøen er relativt næringsrikt, hovudsakleg på grunn av avrenning frå jordbruket i nærleiken. Tiltak for å stoppe den aukande eutrofieringa er sett i gang dei seinare åra. Utfisking av stor rovfisk (først og fremst gjedde) og brasme er eitt av tiltaka. Tendensen synes i 2005-6 å vere snudd; siktdjupet er sterkt betra og det er mindre førekomst av blågrønalgar.

Fisk i Tunevannet

gjedde åbor mort brasme gjørs er sett ut; fangst av toåringar hausten 2007 tyder på gyting. laue hork sørv ikkje fanga før 1990-talet. Truleg sett ut. ål

Kategori:Innsjøar i Østfold Kategori:Geografi i Sarpsborg