mini|Kristogram - Khi-rho-monogram med bokstavane alfa og omega. Alfa og omega er eit uttrykk som tyder først og sist, det viktigaste eller alt. Det tek utgangspunkt i at alfa og omega er den første og siste bokstaven i det klassiske (joniske) greske alfabetet.
Uttrykket har opphav i opningskapittelet i Johannes' openberring i Bibelen, der Johannes helsar kyrkjelydane med orda «Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.»Op. 1,8
Bokstavane er ofte brukte i tilknyting til jesugrammet «IHS», som eit symbol som fortel at Jesus Kristus er den første og den siste, at han omslutar heile historia og styrer heile verda. I oldkyrkja vart symbolet eit uttrykk for ei kristen vedkjenning. Frå omkring år 250 vart bokstavane brukte på myntar, ringar, graver, bokpermar og påskelys, sidan òg på kyrkjeklokker.Ragnar Skottene: Kristne symboler, Verbum 2002, ISBN 82-543-0918-3
Liknande uttrykk er norsk «frå A til Å» og engelsk «A-Z».
Referansar
Kategori:Det nye testamentet Kategori:Greske ord og uttrykk Kategori:Bibelske ord og uttrykk