Håøya er ei øy i Færder kommune. Ho ligg i Vestfjorden, vest for øya Nøtterøy og nord for Veierland. Fram til 1. januar 1901 høyrte øya til Stokke kommune.

Festninga på Håøya vart nytta til å forsvare Marinen si reservehamn i Melsomvik mot svenskane i perioden før og rundt 1905. Der var det både kanonar og utlagte miner. Festninga vart òg nytta som vern for norsk nøytralitet under den første verdskrigen.

12. april 1940 vart festninga overgitt til tyskarane, og dei nytta øya til ubåteksperiment under heile den andre verdskrigen.

Øya var i nokre år feriekoloni for Oslo kommune, og er i dag feriesenter for personell i Forsvaret.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Håøya i Nøtterøy» frå , den 8. april 2008. oppgav desse kjeldene: Nøtterøy kommune (2002). Rundt deg blåner fjorder... vakre Nøtterøy. ISBN 82-991504-2-6

Kategori:Øyar i Færder