Bastøy, Bastø eller Bastøya er ei øy på 2,23 km² som ligg i Oslofjorden søraust for Horten i Vestfold. Øya ligg i Horten kommune, men vert eigd av staten.

Historie Bastøy fyr

Bastøy fyr vart oppretta 1840. Fyret bestod av eit steinhus med eit lågt tårn. Det vart erstatta av ei lanterne i 1986. Fyret på Bastøy er ikkje lenger bemanna, men vert framleis nytta til mellom anna kursverksemd.

Bastøy kyrkje Bastøy kyrkje er ei kyrkje av stein bygd i 1902.

Guteheimen Bastøy vart kjøpt av den norske staten i 1898 og det vart oppretta ein skuleheim for «forsømte» gutar med tilpassingsvanskar. Skuleheimane stod under Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt tilsyn før dei vart overført til Sosialdepartementet frå 1. juli 1953. Ved overføringa endra Bastøy Skolehjem namn til Foldin verneskole og seinare Foldin offentlige skole. Skulen vart nedlagd omkring 1970.

Verneheim og fengsel Statens vernehjem Bastøy overtok bygningane til Bastøy skuleheim etter at dette vart nedlagt i 1970. Frå 1971 tok verneheimen imot arbeidsuføre, heimlause alkoholskadde. Anlegget vart seinare kretsfengsel og frå 1988 landsfengsel under namnet Bastøy fengsel, ein open anstalt med plass til rundt 115 fangar.

Sjå òg Foldin offentlige skole Bastøy fengsel Bastøferjene

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bastøy» frå , den 8. april 2008.

Bakgrunnsstoff Flyfoto og kart over øya Historikk (Bastoyfengsel.no) Bastøy fengsel Søk på «Bastø» i historietidskriftet Borreminne Ein Bastøy-gut fortel Bastøy – Oslofjordens perle Kort avisartikkel om fengselsøya Bastøy Bilete frå Bastøy og fengselet der

Kategori:Oslofjorden Kategori:Øyar i Vestfold Kategori:Geografi i Horten