Skogerøya (nordsamisk Sállan) er ei øy i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Øya ligg nordvest for Kirkenes kilt mellom Kjøfjorden, Korsfjorden, Neidenfjorden, Bøkfjorden og er open utover mot Varangerfjorden. Øya har eit areal på 129 km² og er den einaste større øya i Aust-Finnmark.
Det høgaste punktet på øya er Skogerøytoppen (Ákkelgaisá) på 445 moh. Skogerøya er ikkje busett. Tidlegare busette stader var mellom anna Revøysund, Steinskjærnes, Nordleirvåg og Sørleirvåg. Det går veg på øya frå Steinskjærnes via Sørleirvåg til Nordleirvåg. Ved Skogerøya ligg Kjelmøya der det er gjort jernalderfunn.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Skogerøya i Finnmark» frå , den 7. april 2008.
Bakgrunnsstoff Finnmarken: Skogerøya kan bli oljeøya
Kategori:Øyar i Finnmark Kategori:Geografi i Sør-Varanger