Holmestrand er ein kommune i Vestfold fylke. Kommunen vart utvida 1. januar 2018 gjennom ei samanslåing med Hof kommune, og frå 2020 gjennom ei samanslåing med Sande kommune.

Kultur Forfattaren Olav Duun (1876-1939) budde i Holmestrand frå 1908 til han døydde i 1939, og Olav og Emma Duuns hus er no museum. Ramberg skole, der Duun var lærar, er flytta til Reidvintunet (Hillestad) som skolemuseem m.m.

Byen er elles kjend for kunstnarsystrene Harriet Backer (1845-1932, kunstnaren) og Agathe Backer Grøndahl (1847-1907, komponisten), forfattarane Nils Kjær og Kåre Holt og kunstnaren Søren Onsager. Av yngre (nolevande) kunstarar må nemnast Morten Juvet (f. 1953). Den gamle diktarstova til Kåre Holt er også flytta til Reidvintunet.

Kjende folk tilknytte Holmestrand kommune Morten Müller (1828-1911), kunstnar Agathe Backer Grøndahl (1847-1907), komponist Harriet Backer (1845-1932), kunstnar Gunnar M.K. Graarud (1857-1932), lege, stortingspolitikar for Høgre Søren Onsager (1878-1946), kunstnar Nils Kjær (1870-1924), forfattar Olav Duun (1876-1939), forfattar Gunnar Graarud (1886-1960), operasongar og musikkprofessor Odd Vattekar (1918-1992), stortingspolitikar for Høgre Astrid Murberg Martinsen (1932-1991) stortingspolitikar for Ap Finn Gustavsen (1926-2005) stortingspolitikar for SF og journalist Morten Juvet (f.1953), kunstnar

Kjelder

<references> </ref> </references>

Delar av denne artikkelen bygger på «Holmestrand» frå , den 9. februar 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Vestfold