Strokkenesbrua er ei om lag 80 meter lang vegbru på riksveg 851 i Salangen kommune i Troms. Brua kryssar elva Strokken mellom Øvervatnet og Nervatnet. Elva har eit fall på berre ein meter. Brua vart bygd i 1986 og er den tredje i rekka. Den fyrste vart bygd i 1879 og den andre i 1934. I dag er det berre den nye brua som står, men ein kan sjå brukar etter dei eldre bruene på begge sidene av elva.

Bakgrunnsstoff Denne artikkelen bygger på «Strokkenesbrua» frå , den 6. april 2008.

Kategori:Bruer i Troms Kategori:Salangen kommune Kategori:Bruer opna i 1986 Kategori:1986 i Noreg