Lille-Porsangen (nordsamisk Skiessvuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark og den einaste av fjordarmane på vestsida. Fjorden strekkjer seg 12 km sørvestover til Stormyra i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Veidgamneset i nord og Veidnesholmen i sør. Sør for Veidnesholmen ligg bygda Veidneset. Fjorden er 55 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.
Fylkesveg 8060 går langs sørsida av fjorden.
Kjelder
Kategori:Fjordar i Lebesby