Flaskefjorden (samisk Bohtalvuotna) er ein fjordarm av Skreifjorden på øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørover til Skreifjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Lossenpynten i vest og Sandabukta i aust. Det ligg fleire hus ved fjorden, men ingen større grender og det er heller ikkje vegsamband til og frå fjorden. Han er 71 meter på det djupaste, nesten heilt inst i fjorden.

Kategori:Fjordar i Hammerfest