Rakkestad Bygdeblad var ei avis som vart utgjeven i Rakkestad i Østfold fylke. Redaktør for avisa var Carsten Lier, og avisa kom ut første gongen den 4. september 2002. Avisa vart utgjeven tysdag, torsdag og laurdag. Bygdebladet hadde 29 lokale eigarar, og stod utanfor dei store aviskonserna som eit sjølvstendig bygdeorgan med sterk lokal forankring. Avisa kom med sitt siste nummer 29. mars 2008.
Utmerking I 2003 vart Rakkestad Blad kåra til «Årets lokalavis» i Noreg av Landslaget for Lokalaviser.
Opplagstal
Referansar
Bakgrunnsstoff Rakkestad Avis om nedlegginga av Rakkestad Bygdeblad, 28. mars 2008.
Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Aviser i Østfold Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Rakkestad kommune Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Aviser skipa i 2002 Kategori:Aviser nedlagde i 2008 Kategori:2002 i Noreg Kategori:2008 i Noreg