Kjell Ingolf Ropstad () er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han har vore leiar for KrF, og barne- og familieminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019 til 20. september 2021.
Bakgrunn Ropstad er opphavleg frå Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder, men er busett i Oslo. Han er utdanna bachelor i jus og økonomi, vart 2. nestleiar i KrF i 2017, og partileiar frå 2019 til 2021.
Politisk karriere Ropstad var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom i perioden mellom 2007 og 2010. I 2009 vart han vald inn som stortingsrepresentant for Aust-Agder. Frå 2013 til 2017 var han andre nestleiar i Justiskomiteen. Frå 2017 til 2019 var han finanspolitisk talsmann for KrF.
Ropstad var den yngste KrF-medlemen som har møtt på Stortinget nokon gong. Det gjorde han som vararepresentant for Åse Gunhild Woie Duesund i 2006, som 20-åring. Han sat også på fylkestinget i Aust-Agder og i kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.
Hausten 2018 var Ropstad pådrivar for at partiet skulle satse på eit regjeringssamarbeid med Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Etter at det var fleirtal for å gå inn i regjering på det ekstraordinære landsmøtet til partiet i november 2018, leidde Ropstad forhandlingane som førte til at Kristeleg Folkeparti gjekk inn i Solberg-regjeringa i januar 2019.
Partileiar Den 27. april 2019 vart Ropstad vald inn som partileiar for KrF etter at Knut Arild Hareide gjekk av, da det vart eit faktum at partiet ville gå inn i Solberg-regjeringa med Framstegspartiet. I 2021 måtte Ropstad gå av som partileiar etter pendlarbustad-saka, der det vart kjent at han hadde budd i Oslo utan å skatta for dette av di han var folkeregistrert som busett hjå foreldra sine i Agder.
Statsråd Frå 2019 til 2021 var Kjell Ingolf Ropstad statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, seinare Barne- og familiedepartementet. Han tok over ansvaret for tru- og livssynsaker frå Kulturdepartementet, medan ansvar for likestillings- og diskrimineringsspørsmål var ført over til det same departementet.
Stortingskomitear 2013–2017: medlem i justiskomiteen 2012–2013: medlem i energi- og miljøkomiteen 2009–2012: medlem i arbeids- og sosialkomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Bloggen til Kjell Ingolf Ropstad
Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Evje og Hornnes Kategori:KrF-politikarar i Aust-Agder Kategori:Folk frå Evje og Hornnes Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Leiarar for Kristeleg Folkeparti Kategori:Leiarar i KrFU