Fosnes kapell er eit lite kapell i Fosnesvågen nordaust på Jøa i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Kapellet ligg ved Fosnes gamle kyrkjegard, er i tre og har om lag 45 plassar. Fosnes gamle kyrkjegard er framleis i bruk.

Den gamle kyrkjestaden i Fosnes låg i Fosnesvågen og Fosnes kyrkje skal ha vore reist rundt år 1250. Etter at Fosnes kyrkje i 1896 var nedbrunnen for tredje gongen vart det debatt om kvar kyrkja skulle setjast oppatt. Ein kom fram til at den nye soknekyrkja, Dun kyrkje, skulle setjast opp på Dun, midt på Jøa.

Det vert halde gudsteneste på den gamle kyrkjestaden kvar Olsok.

Kjelder Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Nord-Trøndelag Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Nord-Trøndelag fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 145–146.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Namdal prosti Kategori:Kyrkjer i Namsos Kategori:Kulturminne i Namsos Kategori:Norske kyrkjer frå 1926 Kategori:Fosnes