Faksfjorden er ein fjordarm på austsida av Vågsfjorden i Dyrøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km austover til Styggefjellet i botn av fjorden.
Fjorden startar i vest mellom Hagenes på Dyrøya i nordvest og Gjeskenesodden i søraust. På austsida av Dyrøya går Dyrøysundet nordover til Solbergfjorden. På vestsida av Dyrøya går Tranøyfjorden nordover. Grenda Faksfjord ligg i det nordaustlege hjørnet av fjorden, inst i Faksfjordvika. Pålsfjorden er ei lita vik i det søraustlege hjørnet og den delen av fjorden som strekkjer seg lengst aust. Lengst sør ligg garden Sørfjorden.
Fv211 går langs nord- og austsida av fjorden.
Kategori:Fjordar i Dyrøy