Tyva eller Tuva er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Kyzyl, arealet er 170 500 km² og innbyggjartalet 330 368 (2021). Republikken grensar til Mongolia i sør. Fram til 1944 var han ein sjølvstendig folkerepublikk. I Tyva ligg det geografiske punktet i verda som ligg lengst frå havet.

Folkesetnad Den einaste større byen er Kyzyl med 109 900 ibuarar."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Den største delen av folket er etniske tuvinarar, eit tyrkisk folkeslag, som kulturelt har mykje til felles med mongolar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga: Tuvinarar: 81,0 % Russarar: 16,1 % Andelen tuvinarar har auka sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 64,3 % ved folketeljinga i 1989.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Republikkar i Russland