Ola Olsson Sevle eller Sevlid () var ein lausdansar frå Nore i Numedal. Han var ofte kalla Sevleguten.

Ola var ein villstyring, slåsskjempe og ein ovende god lausdansar. I 1832 kom han i trette med kramkaren Torleiv Gjermundsson Ketilsland frå Veggli, Sølv-Tølløv dei kalla. Tretta enda med at Ola drap Torleiv, og i 1834 vart han avretta for drapet. Avrettinga fann stad på Stengelsrudmoen, vel ei halv mil nordom Kongsberg, og Ola skulle halshoggast. I fylgje segna spurde presten Ola om han skulle be for han før øksa fall, men Sevleguten svara: «Eg tenkjer Sevliden greier seg sjølv». Så tralla han på den hallingen som sidan bar namnet hans. Segna seier at trallinga heldt fram til øksa fall, og folk meinte dei såg leppene hans lea på seg jamvel etter at hovudet datt i marka. Det er truleg lite hald i segna.

Som smågut mintest Truls Ørpen dei gamle kryllingane song stevet slik: «Sevleguten han vågar se sjøl».

Hallingen «Sevliden» er kalla opp etter han, og er rekna som ein av dei største og mest vritulege slåttane i heile hardingfelemusikken.

mini|Minnestein over Ola Olsson Sevles mord på Torleiv Gjermundsson Ketilsland i 1832. Bildet er frå 1967.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Svale Solheim: Slåttesegner Tov Flatin: Gamalt frå Numedal, Numedal 1913 Arne Bjørndal: Slåttesegner

Kategori:Norske segner Kategori:Folk frå Nore og Uvdal