Myken fyrstasjon ligg på øygruppa Myken i Rødøy kommune i Nordland. Fyret ligg på Jutøya, og vart oppretta i november 1918. Det vart elektrifisert i 1955. Fyret har ikkje fyrtårn, men ei fyrlykt på toppen av fyrbygningen. Myken fyr er i drift, men vart automatisert og avfolka alt i 1974. I dag er fyrbygningen i bruk som overnattingsstad.
Ei fyrlykt vart sett opp på Jutøya alt i 1892.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Myken fyr» henta frå Wikipedia på bokmål 14. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldne:
Erling Svanberg: Langs vei og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5 Om Myken fyr på nettstaden til Norsk Fyrhistorisk Forening Tysk side om Myken og fyret
Bakgrunnsstoff Nettstaden Mykenfyr.no
Kategori:Fyr i Nordland Kategori:Samferdsle i Rødøy Kategori:Kulturminne i Rødøy Kategori:Freda bygg i Nordland Kategori:Byggverk i Rødøy